Dei neste tre åra har kalenderen godt nytt

Om du synest dagen etter 17. mai er litt slitsam, kjem kalenderen med godt nytt framover.

Dei neste tre åra kjem nemleg 18. mai på ein fridag.

Det kan vi takke den norske lov om helligdager og helligdagsfred for. Det skal etter lova vere heilagdagsfred, som ingen må forstyrre med «utilbørleg larm», altså upassande støy.

Ebba Rivelsrød, Susanne Åland Strand og Tiril Østrem nyter en fridag på Bystranda.

STRAND: Fridagar kombinert med sol og fint vêr, lokkar nordmenn ut.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK

18. mai kjem på desse dagane dei neste åra:

  • 2023: Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag er ein såkalla bevegeleg heilagdag. Det betyr at kva dato dagen fell på, varierer frå år til år.

Andre bevegelege heilagdagar er skjærtorsdag, langfredag, påskedagane og pinsedagane.

  • 2024: laurdag

Neste skottår er i 2024, som gjer at vi kan ta helg 18. mai. Dette året er det gode moglegheiter for langhelg, fordi pinsa kjem den same helga som 17. mai.

  • 2025: søndag

I 2025 hamnar nasjonaldagen på ein laurdag, som betyr at nordmenn mistar ein gratis feriedag frå kalenderen. 18. mai kjem likevel på ein søndag.

Mange raude dagar i 2023

Den andre gladnyheita er at vi i 2023 får «gratis fri» på ni av totalt 13 heilagdagar, fordi ni av desse kjem på elles vanlege kvardagar.

Nordmenn er generelt glade i fridagar, og vi betalar i dyre dommar for dei.

– Om vi er vekke frå jobb i ein dag, produserer vi rundt 12 milliardar kroner mindre.

Det seier samfunnsøkonom Harald Magnus Andreassen. Han fortel at fridagane er der nettopp fordi vi sjølve ønsker og har glede av dei, og at vi har stor nytte av dei.

Harald Magnus Andreassen i Swedbank i Oslo.

LØNNSTAKARANE BETALAR: – Vi arbeidstakarar betalar sjølve for fridagane, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.

Foto: Lise Åserud

Sjølv om bedriftene kanskje vil føle at det er dei som betalar rekninga frå eitt år til eit anna, vil dette jamne seg ut.

– Viss vi hadde stilt oss så dumt at vi kutta alle fridagane, så hadde lønningane til folk stige tilsvarande, seier han.

Skjermdump instagram

STOR STAS: Ein skjermdump frå Instagrambrukaren norgejodel viser stort engasjement over fridag 18. mai dei neste tre åra.

Foto: Privat

– Kvifor er det dumt å kutte fridagane?

– Fordi fridagar gjer livet verdt å leve. Mange jobbar for å bruke pengar når dei har fri, og det å ha fridagar i Noreg, og kanskje spesielt om våren når det er fint ute, er heilt fantastisk.

Bruk ekstra rauddagar som søndagar

– For mange er det fine med våren nettopp at det er mange ekstra fridagar. I år har det ikkje vore like mange av dei, seier Caroline Verdich.

Ho er klinisk psykolog og har jobba mykje med stress ved senter for stress og søvnpsykologi.

Og akkurat i år kunne vi kanskje trenge det, med ein travel kvardag etter to år med pandemi.

– Mange kan nok kjenne på etterverknadene av 17. mai, og dei neste vekene utan langhelg kan gi meir stress.

Caroline Verdich

– Eg trur det er godt for oss å vite at det kjem fleire rauddagar neste år, seier psykolog Caroline Verdich.

Foto: Senter for Stress og Traumepsykologi

Vi er nemleg meir stressa no enn før, kan psykologen fortelje. Det kjem at vi stadig skal nå nye høgder og produksjonsmål.

– Det har kome ei bølge frå austen som prøver å lære oss det å roe ned.

Difor har psykologen eit godt råd til korleis du skal bruke dei ekstra heilagdagane i 2023:

– Sjå på dei som ekstra søndagar. Ro ned, og gå litt mot straumen. Du treng ikkje alltid gjere så mykje og vere så sosial.

Read More

Leave Your Comments

Your email address will not be published.

Copyright 2011-2021. All Rights Reserved